Nyheter

Knut_Øvsthus_og_Bodil_Ravneberg

Nye blikk på omsorgsteknologi

Kva skal til for at du og eg tar i bruk teknologi som kan hjelpe oss? Forskarar på Høgskulen i Bergen (HiB) skal no finne ut kva som skal til for at menneske og teknologi fungerer saman.

– Folk kan faktisk la være å bruke hjelpemiddel fordi dei synest dei er stygge, seier forskar og professor Bodil Ravneberg ved samfunnsfagseksjonen på høgskulen.

Ravneberg er svært opptatt av at ny teknologi må utviklast i nært samspel med den som skal bruke teknologien. Som samfunnsvitar har ho blitt prosjektleiar for to forskingsprosjekt som eigentleg har merkelappen ingeniør og sjukepleiar.

Professor Knut Øvsthus og stipendiat Mari Synnøve Berge hadde saman med teknologiutviklar ein god prosjektidè, og så inviterte dei Ravneberg med inn i samarbeidet.

Nye faglege innfallsvinklar 

– Me må ha augene til mange fagområde for å lukkast med utviklinga av nye teknologiske hjelpemiddel. Ingeniøren er eksperten på teknologi, og sjukepleiaren på behovet i helsetenesta, medan min innfallsvinkel som samfunnsvitar er meir design og estetikk, det vil seie korleis brukaren opplever produkta og organiseringa av tenestene som produkta inngår i.

Ravneberg trur høgskulen har ei svært god oppskrift på forskarsamarbeidet som no er i startfasen.

– Ny kunnskap oppstår når fleire fagretningar får brynt seg på kvarandre.

Hjelper heimetenesta i Bergen kommune

I det første forskingsprosjektet skal HiB vere med på å utvikle ein dusj for heimetenesta i Bergen. Målgruppa for dusjen er personar som har personleg assistanse, altså unge brukarar, og personar som mottar heimehjelp, til dømes eldre menneske eller menneske som har vore til rehabilitering.

– Vårt oppdrag er å stille spørsmålet: Kva har heimetenesta til Bergen kommune bruk for akkurat no? Og svaret er ein dusj som desse to målgruppene kan nytte seg av på eiga hand.

I dag kan desse personane oppleve å ha besøk av 10 ulike personar på ei veke, og kanskje tilbod om å dusje ein gong i veka. Å ta ein dusj er ein sensitiv ting, og svært mange ville ikkje trivast med å ha ein annan person tilstades medan dei dusjar.

Målet med prosjektet er å utvikle ein dusj som desse målgruppene kan bruke utan å ha hjelp til stades. For å kunne utvikle ein slik dusj må ein ta i bruk robotteknologi.

Etiske utfordringar

Ravneberg og Øvsthus seier det er mange etiske dilemma i utviklinga av eit slikt hjelpemiddel. Bare det at ein robot skal røre ved huda di for at du skal få ta deg ein dusj er utfordrande å tenke på. Helsearbeidaren vil også tenke – kva om pasienten faller medan han eller ho dusjar?

– Vi har mange perspektiv å jobbe med i dette prosjektet både etisk og juridisk, seier Ravneberg, om midlane som Regionalt forskingsfond har tildelt Bergen kommune for å utvikle smartdusjar til heimetenesta, og som høgskulen har fått i oppdrag å forske på.    

Ein dusj som er attraktiv for alle

Det andre forskingsprosjektet som høgskulen har fått midlar til å forske på ser på utviklinga av ein smartdusj i eit vidare perspektiv. Prosjektet er meir teoretisk orientert og vil sjå på kva det inneber å ta i bruk robotteknologi som ein del av utviklinga av hjelpemiddel.

Målet med dette prosjektet er å utvikle ein dusj som er attraktiv  for alle å bruke. Dette prosjektet er eit forprosjekt som skal munne ut i ein større søknad til eit større forskingsprosjekt.