Multikulturell omsorg

MultiCare. Et prosjekt om sykehjem som integrerings- og inkluderingsarena.

«Multicultural workforce in Nursing Homes: Contemporary challenges, opportunities and potentials for the future in the Norwegian municipal care sector».

MULTICARE er eit forskingsprosjekt finansiert av Noregs Forskingsråd (NFR) gjennom programmet HELSEVEL. Prosjektet er leia av Senter for omsorgsforsking, vest (SOF, vest), ved Høgskulen i Bergen, og er eit samarbeidsprosjekt med deltakande forskarar frå Senter for omsorgsforsking (SOF vest og aust), Uni Research Rokkan, Universitetet i Stavanger, Stavanger Universitetssjukehus og The Netherlands Institute for Health Service Research (NIVEL).

MULTICARE skal forske på utvikling av, og arbeid i, dei kommunale helse og omsorgstenestene i Noreg med særskilt fokus på arbeid som ein integrerings- og inkluderingsarena for innvandrarar. Meir spesifikt skal prosjektet sjå på korleis sjukeheimar organiserer omsorgsarbeidet, tenestane og den multikulturelle staben. Sentrale spørsmål er:

  • Kva typar av utfordringar og moglegheiter, organisatoriske, sosiale og eksistensielle, erfarast av ulike aktørar i multikulturelle arbeidsfellesskap ved norske sjukeheimar?
  • Kva praksisar, rutinar eller tiltak finst det på ulike nivå som er retta direkte mot desse utfordringane og moglegheitene?

Prosjektet har fire arbeidspakkar med følgjande forskingsfokus;

  1. Rekrutterings- og inkluderingspraksiser ved sykeheimer i rurale og urbane strøk.
  2. Leiarskap og praksisar kring integrering av etniske minoritetar i arbeidsfellesskapa.
  3. Kunnskap og trening av leiarar for multikulturell stab.
  4. Kommunikasjon av, og praksisar knytt til, pasientars død i eit multikulturelt og multireligiøst arbeidsfellesskap.

Ved å nytte ei blanding av ulike forskingsmetodar vil me kartlegge problemstillingane og få innsikt i erfaringane til dei ulike aktørane på, og knytt til, sjukeheimane. Metodane vil mellom anna vere deltakande observasjon, intervju og fokusgruppeintervju med leiarar, tilsette ved sjukeheimane, brukarar og pårørande.

Norske styresmakter krev at praksisen i sjukeheimar skal vere basert på forsking. MULTICARE vil bidra til dette gjennom å inkludere leiarar og tilsette på sjukeheimane frå prosjektstart til prosjektslutt, samt gjennom å samarbeide med fleire utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenestar (USHT, Gjøvik og Førde) gjennom utprøving av ny kunnskap knytt til leiing av multikulturell stab.

Pleie og omsorgssektoren utgjer i dag den største sektoren i andel kommunale årsverk i norske kommunar (43 %), og av dei totalt 135 000 årsverka var det i 2015 71 % faglærte og 29 % ufaglærte og meir enn ein av ti hadde utanlandsk bakgrunn (SSB, 2017). Kvinner utgjer ca. 85 % av pleiepersonalet samstundes som me ser at innvandrarar står for om lag halvparten av tilveksten i årsverk og utgjer ein stadig større andel av bemanninga. Arbeidet i sektoren er blant anna karakterisert av høg grad av deltid, midlertidigheit, stor arbeids- og tidsbelastning, høgt sjukefråvær, vanskar med rekruttering og låg sosial status. Å utvikle berekraftige helse- og omsorgstenester er ei av dei største samfunnsutfordringane i Noreg og Europa. Norske styresmakter varslar store endringar i offentleg sektor og set i verk reformer som endrar rammeverket for utforming og utøving av dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Kunnskap om kva typar av utfordringar og moglegheiter multikulturelle arbeidsfellesskap representerer er viktig for å kunne legge til rette for rekruttering av, og kontinuitet i, omsorgsarbeidsstyrken. Arbeidet, tenesteytinga, i dei kommunale helse og omsorgstenestene er grunnleggande både for berekraft, utvikling og kvalitet i tenestene – det er gjennom arbeidet tenestene vert (re)produsert.

MULTICARE, kontaktinformasjon:

Prosjektleiar Frode F. Jacobsen, Senter for Omsorgsforskning, vest, HiB, ffj(at)hib.no, telefon 55 58 72 12/93 23 09 36

Prosjektkoordinator Anette Fagertun, Senter for Omsorgsforskning, vest, HiB, af (at)hib.no, telefon 55 58 58 49

Kontorsjef Hilde Haaland-Kramer, Senter for Omsorgsforskning, vest, HiB, hhk (at)hib.no, telefon 55 58 55 94